Gjengitt fra Årboka 2013 med tillatelse fra årbokkomiteen. tilrettelagt for web av HHV
Seterdrift i Malvik
Del 1
AV ØYVIND VIKHAMMERMO
Malvik fjellstyre registrerte og skiltet 36 av setervollene i Malvik kommune i 1994. De siste årene har jeg sporet opp 36 setervoller og lagt inn GPSkoordinater for dem. Jan Stokdahl var medlem i fjellstyret i 1994. Han har vært til god hjelp denne gangen også.
— tidsrommet 1. juni til 29. september
De fleste setervollene ble skilta. 6 av dem ligger i Trondheim kommune (tidligere Strinda). Det sto i loven at bøndene var pliktige til å være på setra med buskapen om sommeren. Seterdrifta var lang, ofte 12 – 14 uker innenfor tidsrommet 1. juni til 29. september (Mikkelsmesse). Det som kanskje ikke er så godt kjent er at på sørsida av Foldsjøen lå før oppdemminga en plass som het Langvika. I 1758
«fantes og på pladsen sæterhus på en der hosliggende sætervold, som bruges til sæter under gården Bakken».
De fleste gårdene hadde seter på Allmenningen eller på eiga mark. I 1723 var den totale husdyrbesetninga i Malvik registrert med 138 hester, 583 storfe, 414 sauer og 342 geiter. Buskapen fra gårder og småbruk som ikke hadde egne setre, ble satt bort til de som hadde seterrett. Det var vanlig at husmennene fikk seterrom hos husbonden sin. Husmennene på Moan i Hommelvik hadde buskapen sin på sommerbeite i Steinkleiva i Høybygrenda.
Det var et stort sommerfjøs der de hadde både sauer og kyr.
«Ei natt kom bjørnen til sommerfjøset, han slo sund døra og braut seg inn og slo i hjel 3 sauer. Resten klarte å komme seg ut. Det var 5 kyr i fjøset, men de berga,»
fortalte Malena Svian. Sjøl om Almenninga var stor, kunne det bli i minste laget med bumark og beite, og småfeet ble sendt på sommerbeite til andre bygder så som Selbu og Tydal. Anders Hanssen Sagstuen under gården Skjenstad forteller at han
i 1838 «en høst dro fra Tydalen med en temmelig stor drift med stor- og småfe, som hans moder og andre naboer havde havt i græsgang om sommeren i Tydalen». Lorentz Vold (1852 – 1939) har gitt ei brei skildring av livet på setra:
Setermånaden
«Så kom setermånaden vi kalla, omlag 20. juli. Da vart det huskomhei. Først slo vi setervollen og berga vollhøyet i høybua. Så høgd vi ved te seterbudeia, og så alt som laut gjerast med kopper og matstell før vi kom i veg. Så fram med kløvsal og meiser, og så retta vi på alt så at itjnå var i ustand. Du må tru vi hadde det annsamt! Så kom dagen. Åt fløset og mjølke og løyse ut. Kyrne rauta og var ville.
Da dei kom ut, forta dei seg eit stykke, men mathugen tok dei og vi gjætargutane gav dei god tid. Vi slapp å rettleie, dei fann vegen. Kvinnfolka fann fram det som skulle vera med, og karane batt det inn i meisene. Ei meis var laga av 2 langrunde bogar av langgrande ungrogner. Bogane hadde eit tverrmål om lag 80 x 50 cm. Bogane var bundne over med vier på langs og tvers. Så ein botn høveleg brei mellom dei to langrundingann med viebånd langsetter og tversover, og ei viehempe på botnen. I overkanten av eine meisbogen var ei viehemp til å henge etter.
— Kløvsalen var eit konststykke
I to slike meiser vart alt som skulle kløvjast, innsurra eller innbette. Ein laut løfte på meisene og kjenne etter om dei var om lag like tunge. Når meisene var surra, kom hestane fram og fekk kløvsalen på. Kløvsalen var eit konststykke: Nedst eit flatt noko bøygd tre på kvar side ryggbeinet åt hesten. Trestykka var bøygde slik at undersida fylgde nett og nøye hesteryggen frå ende til annan (bommen). Til bommen var fastklinka to bjørkekrokar. Ein med mindre radius fram og ein med noko større radius att. Under bommane puter med skinn ut og sterk strie inn mot sida på hesten. Putene var så lange som bommane og breie så dei gjekk meir enn halvt ned på sida av hesten.
— Han veit vegen
Frå salbommen gjekk ei gjord framom brystet og ei attom rumptangen på hesten. Ei gjord gjekk under buken, ho måtte strammast dygtig for å halde salen godt fast. Når salen er lagt på, kjem ein kar med eine meisa og legg henne på sia heilt oppe på salkrokane, så hempa på sida veit ned. Andre karen kjem med andre meisa og hefter i hop hempene med ein pinne. Når dei er festa, trekker dei meisa frå salen ned, og no heng det ei meis på kvar side av hesten.
No står att å slekkje kløva, ta eit langt vieband som er festa med einnesting i viebandet langt nede på meisa og har ein jarnkrok i andre enden. Viebandet slenger dei over kløva, lettar så under meisene på båe sider av hesten og krøyker kroken i andre enden av viebandet fast i eit vieband i meisa, så langt ned at slekkja (viebandet) løfter meisene noko opp og held dei ut frå sidene på hesten. Nå står att å ta eit reip om hesten og kløva og strammer rimeleg åt. Taumen henger ein i fremste bogen på salen. Hesten går utan ein leier honom. Han veit vegen, finn fram mellom alle blauthol og mellom granene, heilt opp på setra.
— gjera seg til gode med fraugraset
Setertausa har alt streva i timer med å rydde og feie og få det reint i skjulet og matstua. Attåt har ho gjort opp varme i eldstaden og hengt han Kaffe-Lars på kroken sin. Så kjem kløvhestane og karane tek kløva av og slepper hestane. Dei får gjera seg til gode med fraugraset på vollen. Så kjem krøttera sigande, og det går ikkje lenge, så er dei på vollen, dei med. Kyr og sauer og hestar går og gneg i lag.
Kyrne og sauene legg seg og ørtar, dei ligg lenge. No kjem setertausa og bed inn folk på mat og kaffe. Første koselaget på setra i år. Etterpå set dei matvarer, koppar, ystekjel og gryter på plass, set fast kubanda og ser etter om båsane er som dei skal vera. Sautrøa må dei sjå etter og rette opp. Så kjem kvelden, og kyrne går inn som heim, dei gamle veit så vel å finne att båsane sine frå i fjor.
— var fest å fylgje krøttera
Livet går sin vante gang. Mjølke morgon og kveld, gjæte kvar dag og ta ut av ost og koke myssmør når det trengs, og halde huset fint og reint. Kvar laurdag og søndag og dei siste 3 – 4 dagene i setermånaden får ho gjætar heimafrå. Så går dagane, solskinsdagar og regndagar. Det var fest å fylgje krøttera på blanke solskinsdagar, men når det braut inn med storm og striregn, ja, kan hende slut, var det noko heilt anna. Det trefte seg at vi laut traske heile dagen klissvåte inn til holdet, da var det ikkje greit.
På setra var det uråd og få tørka klærne på ei natt, morgonen etter måtte vi ta dei på like blaute og kalde som dei var – huff! Det var hustri
mang ein gong, men vanen er ei makt. Di meir det sto på sånn, di minder ottast vi for å gå såleis. Gamle kvinner som gjette kring 1835 – 1840, har sagt meg at dei gjekk berrføtt og gjætte heilt til snøskurene sette inn om hausten. Da varma dei føtene sine kvar gong ei ku let urinen sin løype.
I varmaste sommartida med klegg-åt laut kyrne stå inne om dagane, og gå ute frå 4-tida om ettermiddagen. Vi kalla det å gjæte om nettene. Klokka 12 midnatt la dei seg alle, kyr og sauer, og låg til klokka 3. Da gjekk dei rolege til morgonen kom, og dei sprang heim for kleggen i 8 – 9-tida om formidagen.
— søtgummen av mjølkenåla
Når heimreisa sto for døra, vart det storstrev på ny. Siste veka lyt setertausa koke 3 gummar, den siste var søtgummen av mjølkenåla siste døgnet på setra. Karane kjem med kløvhestane, og mest heile natta går med til å gjera i stand kløvmeisene. Ferdige med alt, går hestane vegen støe som alltid, og karane fylgjer. Så kjem setertausene med kvar si mjølkbytte på armen med gummball i til heimfolket og andre. Så kjem kyrne tett innpå setertausene som dei gjekk iband. Sist kjem sauene, dei lyt kostas etter avdi dei fer etter soppen. Aller sist i laget kjem gjætarann. Dei kaukar og bles i luren, først på Heimbolet, så på Kvilartuva og ellers så tidt dei vinn.
— dei beste heimen har å by på
På Geilhaugen møter mor opp og tek imot. Vi lett inn krøttera og kjem heim. Stugu er reinvaska og pynta som ei brur. På golvet er det strødd finhakka einbar. I gruva står Kaffe-Lars blankpussa som ein offiser. Bordet er oppdekt med matvarer av dei beste heimen har å by på. Men først må setertausa gi ein gummball til kvar. Så set vi oss attåt gjestebodsbordet og får oss eit sers godt mål mat attpå strevet. Sidan går dei som er heime, setertausa skal vera fri no, åt fjøset og mjølkar kyrne».
— levere ferskmelk direkte
I 1882 var det oppstart av meieridrift. Da lønte det seg bedre for gårdene å levere ferskmelk direkte til meieriene enn å foredle melka på setrene. Det ble også dyrt og vanskelig å få tak i arbeidskraft til å drive setrene. Om seterflyttinga fortalte Rikard Haugan til Leif Halse:
«Seterflyttinga foregikk om natta. De for heimefra med buskap og seterlass i 8-tida om kvelden og jaga krøttera etter vegen om Hommelvik og opp til Verket. Videre om Sneisen og Rolstad, derfra jaga de over marka og fram til setra. Setervogna var ei heilbotn-vogn uten fjærer».
Rikard Haugan (1877 – 1955) var fra Haugan øvre. Han arbeidet som lærer ved Sneisen skole i Mostadmark fra 1913 til 1939. Setra han snakker, om må være Malvikvollen. Haugvollen ble nedlagt i 1830-åra, og Haugangårdene flyttet da seterdrifta til Malvikvollen som lå oppunder Jervfjellet. Der setra de til seterdrifta ble lagt ned i 1880-åra.
Kilder:
Statsarkivet, Malvik bygdebok Halse 1958, egne notater og intervjuer