Gjetargut

Gjengitt fra årboka 2006 med tillatelse fra årbokkomiteen. tilrettelagt for web av HHV
Bilde: Leif Halse. Fotograf Ludvik Aasback 1961

Gjætargut

Av Leif Halse

(Diktet fins i boka På bygda-bakkom Fonna forlag, 1947.
Her minnest han sine barneår da han var gjetar vest i Trollheimen)

Ja, Romådalen har mange minne 
ifrå ei omsorgs-laus barndomstid.
Det talar til meg frå haug og hamrar,
frå elv og utlopp og bratte li
Sjå, der er setrinn og grøne stølann,
og Botten-stigann så bratt og tung.
Eg sprang i stigom så mang ein morgon
og var så inderleg kåt og ung.
Og der er heng-bratte svarte svaet
der'n Johan f6r etter lam og sau.
Om han ha snåva hell ørt i hauet,
ha'n dotte utfor og liggje daud.
Og Marethøln der han Peder fiska.
Han stod så trutt i sin raude hatt,
og endeleg ha' han lykka med seg
og fanga stor-fisk ei sommarnatt.
Og uti dalen ligg Gammel-setra -
der gjætt' vi ofte i ruskatt ver.
Vi stod i løa med kvasse knivar
og kretta namn inni veggjinn der.
Det syng i mot meg frå kjende stader,
frå djupe botnar og bratte nut.
Og aldri var det så gildt å leva
som somrann da eg var gjætargut