Fange på Falstad under krigen

(Denne historien var gjengitt i «Gamalt frå Fræna» 1995. Dette er historisk årbok for sogelaga i Fræna, og historielaga i Malvik har fått tillatelse til å trykke artikkelen. )
Gjengitt fra årboka 2006 med tillatelse fra årbokkomiteen. tilrettelagt for web av HHV

Fange på Falstad under krigen

Nedskrivi etter lydbandopptak av Georg Torshaug

Eg er fødd i Hommelvik i Malvik kommune i Sør-Trøndelag i 1926. Under krigen så var det tysk sjøflyhamn der, og det låg ca. 30 fly av ymse typar der under heile krigen.

Vi var ein gjeng ungdommar som var arbeidsledige, men som ikkje ville ta arbeid hos tyskarane. Vi møttest naturleg nok for å fordrive tida, og ein dag vi stod ein slik gjeng av oss, så stansa det plutseleg ein bil attmed oss. Ut kom ein tyskar, og han representerte eit firma som kalla seg «Bauleitung». Vi kan vel oversette det med «Byggeleiing», og dei dreiv med arbeid som snekring og støyping o.l. Det var bare å komme og bli med han, var ordren. Det var ikkje spørsmål om du ville eller ei., – han brøla berre «Av stad!» Så bar det av stad til kontoret, og der blei vi innskrivne på «Bauleitung». Sjefen der heitte Bukov, og så var det ein mann under han og ein del kontorfolk. Vi vart sette til å gjere forskjellig arbeid rundt om på ymse plasser. Blant anna hamna vi innmed flyhangaren, der var det mykje grøftearbeid det gjekk på. Det var ikkje så mange maskiner til det den tida.

— sjølvsagt respekt

Slik jobba vi nå med det då, og fekk 70 øre timen, så det var ikkje mykje å tene. Men vi måtte nå berre gå der, det var ikkje sjanse til å sleppe unna, og sjefen ha brøla nå som ei anna ape. Han var hensynslaus, og hvis han for eksempel kom køyranda og såg ei klynge av oss som stod utan å arbeide, så køyrde han rett mot klynga for å køyre oss ned, – ja, faktisk for å køyre oss ned! Vi fekk sjølvsagt respekt, eller vart redde han på grunn av denne brutale åtferda og brølinga. Han hadde kaninar, og ein av jobbane mine, var å samle mat til dei. Så fôr eg no der og samla gras i sekkar til kaninane. Når det var finver tok eg no det ofte med ro, og kunne til og med legge meg nedpå og slappe av. Så var det ein dag eg somna av og sov til klokka var mest 5, og vi skulle slutte. Eg låg oppe på ei låvebru, og da eg vakna og såg kva klokka var, og såg kor lite eg hadda plukka, så fekk eg angst for kva som kunne henda. Eg fekk frykteleg med kjeft, og vart jaga ned i kjellaren og låst inne der, og sat der til langt på natt før eg fekk sleppe ut att.

— skræme folk til lydighet

Han dreiv det på den måten han leiaren, at han skulle skræme folk til lydighet. Om morgonen då eg meldte meg på kontoret, så var ikkje kommandanten der, – han var faren ut. Eg var der nokså tidleg, og det var heller ingen andre der. Då såg eg at det var ein radio der, og eg prøvde denne, og fann no fram til både Sverige og London, og fekk inn nytt derfrå. Eg noterte meg dette, og kom i kontakt med ein som rapporterte videre. Eg lytta titt og ofte, men ein dag var det sett ein plakat på radioen at ingen ting måtte rørast eller skruast på. Radioen skulle stå på stasjonen den var innstilt på, og det var strengt forbode å røre noko. Eg brydde meg ikkje om dette, og heldt fram med å lytte på London. Etter kvart kom det fleire til i denne gjengen som formidla nytt frå London, og til slutt var vi fire som hadde radioar å lytte til. Det var m.a. ein danske som budde like attmed riksvegen, der han hadde verkstad. Han hadde installert radioen i eit skap under verktybenken, slik at den var godt gøymt der. Eg rapporterte til kompisen min, og det vart sendt vidare.

— tok som sagt til å bli litt varmt

Så tok det til å bli litt for varmt for oss, for du veit vi knabba litt frå tyskarane når vi såg oss høve til det. M.a. var det slik at dei tyske flygarane var ute på oppdrag, og vi kunne følgje med på kven som var ute. Vi hadde nøkkel til huset. Det var gamletypen lås i huset, og det er ei kjent sak at 8-nøkkelen går i mest alle lås av den typen. Der låste vi oss inn då, og tok tobakk og også brennevin frå dei. Desse flygarane, veit du, var på ymse plassar også i utlandet, m.a. i Frankrike. Dei hadde rasjonar, og eg kan hugse vi fann ei flaske med fransk brennevin hos dei ein gong. Denne tok vi og knekte då. Det var fleire ting vi var borti, og det tok som sagt til å bli litt varmt, så vi planla å komme oss over til Sverige. Eg og søskenbarnet mitt og ein til planla å fare til Sverige for å komme oss vekk frå denne galne tyskaren.

—så vart vi kasta av toget

Tredjemann blant oss var får Stjørdalen, og skulle vera kjentmann. Vi planla å starte den og den dagen, – det var i november 1943, – og vi stal tyskproviant som vi skulle ha med. Det var ikkje så mykje akkurat, men vi meinte det skulle greie seg. Det som eg hadde på føtene, var kalosjer utanpå turnsko. Det var fjellskoa mine Ellers hugsar eg ikkje korleis vi var utstyrte, men vi var dårleg kledd. Så ordna vi oss med biletter då oppover til Meråker, for å komme oss så nære grensa som mogeleg. Men så vart vi kasta av toget av konduktøren, for han tvilte han veit du. No hugsar eg ikkje heilt nøye kor langt vi var komne, men det var no opp mot Meråker. Så tok vi til å lange avstad innover mot fjellet då, – prøvde å komme oss lengst mogeleg unna Storlien, for vi visste det var ein skummel plass. Så vi trekte innover og opp møt høgfjellet.

— kjende ikkje noko frost meir

Så sette det inn med eit uhorveleg uver. Vi gjekk mot veret, men du kan ikkje tru for ein vindstyrke det var. Vi låg mot veret, omtrent som du no ser den nye hoppstilen, og det var ingen ting å skjule seg bakom. Det snaue fjellet, berre ei og anna dvergbjørk, og lite snø. Til slutt var eg så utsliten at eg la meg rett ned for å kvile litt. Så låg eg ei lita stund, og då vart det så godt og varmt som om låg du i ei dundyne. Eg kjende ikkje noko frost meir. Men søskenbarnet mitt maste og maste om at eg måtte komme i gang att. Eg kom meg på beina att, men då skal eg seie eg kjende frosten og var stiv og støl. Dei andre berga litt betre enn eg, men omsider så fekk eg no kroppen igang att og tok til å gå innover. Vi såg ingen ting, og gjekk nok berre i ring.. Men til slutt var vi så heldige at vi gjekk oss på ei hytte, og vi braut oss inn der, så vi berga livet. Der låg vi i fleire døgn, og seinare kom vi oss ned i Stjørdalen. Vi var trass alt heldige som berga livet.

— putta inn på Vollan

Komne ned att, fekk vi vite at vi hadde vore etterlyst av tyskarane. Og ordren var at dersom ikkje vi var komne att til den fristen som var sett, så skulle fedrene våre arresterast. Vi kom nå slik at vi kunne halde denne fristen, men søskenbarnet mitt og han frå Stjørdalen vart tekne med ein gong og putta inn på Vollan i Trondheim. Men eg fekk berre meldeplikt, og gjekk på meldeplikt frå november til 10. mars. Eg veit ikkje kvifor eg slapp med meldeplikt, – kanskje for å spionere på meg? Men så var eg uheldig, og kom borti noko att. Eg stal ein revolvar, og så vart det oppdaga, og det vart storspetakkel. Eg vart teken, men revolvaren fekk dei ikkje tak i, for eg held meg hard og nekta eg, veit du. Så vart eg sendt til Trondheim då, – til Misjonshotellet. Det var lensmannen som som førte meg innover, dvs det var svigersonen hans, som også var politimann, som hadde jobben. Han var ikkje nasist, men det var svigerfaren.

— vi hadde vore på flukt

Så kom eg då til Misjonshotellet, og det var ingen triveleg plass i den tida. Eg vart registrert der, og sett inn på eit rom der det sat ein tysker som skulle førhøyre meg. Han spurte om eg ville ha tolk, men eg sa det ikkje var naudsynt. Eg kunne så bra tysk då at eg trudde eg skulle greie meg. Forklaringa vart den same for alle tre. Det var nokså greitt, vi hadde vore på flukt. Så vart eg då køyrt ned og sett på ei celle som låg heilt opp mot Kongensgata. Der sat eg då saman med to andre. Etter ei lita stund, var det ein som opna døra og kika inn. Han vinka meg bort til seg og spurte meg kva eg sat der for. Eg sa då: «Flukt til Sverige». Med det same fekk eg meg ein over trynet så det berre small. Det var han Rinnan sjølv som slo. Han snakka tysk, han ga meg då ordre om om at eg skulle stå attmed veggen og ikkje sette meg. Eg stod då der frå morgonen til ni — halv ti om kvelden. Dei andre sa eg måtte berre setje meg, men eg torde ikkje det, veit du, for eg hadde fått så mange lusingar at eg var redd. Når då tida var komen, så skulle eg flyttast og bilen kom. Det var ei tysk folkevogn, og eg skulle sitje baki. Det var ikkje farleg det, for folkevogna var todørs, veit du. Det var ein S.D-offiser ( Sicherheitsdienst = Sikkerheitstenesta) som køyrde, og ei norsk dame var med. Dei køyrde meg oppover til Byåsen, og han overleverte meg ei eske, – ei slik skoeske, og den var dyrande full av klokker og gullringar og slikt noko. Det var truleg dagens fangst. » Du må ikkje stele noko» , sa han. Han var spydig, veit du. Eg svara ikkje noko på det, eg forsto då det.

— trist å høyre på når ein vaksen mann ropa på mor si

Så køyrde vi til Vollan kretsfengsel, og så bar det inn der. Det første eg høyrde då eg kom inn var : «Mamma! — Mamma» Då heldt dei nok på og torturerte ein der inne. Eg såg det stod eit par ski og ein ryggsekk utanfor, så det var nok ein som var teken for rømming. Rømming frå landet, det var ei alvorleg sak. Det stod jo plakatar over alt at det vart straffa med døden. Men eg berga no eg då. Men det var trist å høyre på når ein vaksen mann ropa på mor si, – då skjøna eg at han vart torturert

— låg det no vanlegvis 100 mann

Så blei eg ført opp i andre etasje. Der var det eit stort rom, der det var plass til kanskje 50 mann. Det var køyer i rommet, og madrassar på golvet. Der låg det no vanlegvis 100 mann. Hadde det blitt brann t.d. så hadde vi ikkje berga livet nokon av oss. Så stod det ei bøtte då, ­ei slik latrinebøtte med kalk i. Når du gjekk dit for å late vatnet, så dunsta det sjølvsagt ufyseleg frå denne bøtta. Når du skulle ligge, så var det så trongt at du såg rett inn i nakken på mannen framom deg. Det krydde av lus i nakken på han. Det krydde over alt av lus. Eg skjøna det var ein del av straffa. Det var ingen tiltak for å bli kvitt lusa.. Her var ein stad ein skulle li mest mogeleg. Dei tyske vaktene, – eg trur dei var 55-personar, – brydde seg ikkje om slikt. Om dagen vart rommet låst opp, og vi skulle ned i kjellaren for å vaske oss. Vi måtte ned ei trapp der det stod ei vakt. Der måtte vi rette oss opp og seie: «Bitte, vorbeigehen zu diirfen?» Det er det same som: «unnskyld, kan eg passere?» Eg kunne nok sagt det samme som ein bergensar sa, men eg kan ikkje ha det inn på bandet.

Så var det å gå ned i kjellaren, og der var det vaskerom og fyrrom. Ein gong høyrde vi slik rusing og køyring av bilar ute i fengselsgarden. Vi skjøna då kva som gjekk føre seg. Ikkje lenge etterpå så small det, og det var fangar som vart skotne nede i kjellaren der.

Ein gong eg gjekk forbi fyrrommet, såg eg ein haug med klede med merke etter kuler, og eg såg blod. Då var det fangar som hadde vore avretta der. Eg reknar med at dei var lempa inn i fyren etterpå. Fyren var såpass stor at det nok kunne late seg gjere. Men kleda ville dei ikkje brenne, for då vart det slik lukt at det kunne kjennast over heile byen.

— eit slag rett i ansiktet

Eg var på Vollan ei veke. Det var ein vaktar der som var ein rett røvar. Han var ikkje så gamal heller, men har var slik at om du møtte han i trappa, så kunne du risikere å få deg eit slag rett i ansiktet, utan at du hadde gjort noko gale. Men sjefen var ein skikkeleg kar. Han heldt forresten på å bli arrestert sjølv fordi han var for snill med fangane. Han var visst her etter freden også, var invitert hit.

— sending til Falstad.

Så gjekk det ei veke og då fekk vi beskjed om oppstilling nede i gangen. Der var ein lang korridor, og der var det oppstilling for sending til Falstad. Eg hugsar ikkje kor mange mann vi var, men det var i alle fall to-tre busslastar. Dei måtte ringe etter ein buss til, kan eg hugse, for det vart for lite med to. Så var det å komme inn på bussen, og du vart dytta inn til det var heilt fullt. Dei brukte geværkolbane til å dytte med. Vi var bakbundne på hendene med ein taustomp under transporten. Eg beit meg merke i at det var ein eldre mann med blant fangane, – ca. 70 år tenkjer eg. På oppstillinga var det slik at skotuppane skulle stå på line, men denne eldre mannen forsto ikkje tysk, og når tyskaren rope til han at han skulle dra til seg føtene, så forsto mannen ingen ting av det. Då kom han der tyske SS-vaktaren og sette dei jarnslegne støvlane sine rett ned på tærne på han. Om han berga tærne sine, så er det eit under.

— såg då ein av kompisane mine

Under transporten for vi gjennom Hommelvik, og eg såg då ein av kompisane mine på veg heim frå jobben. Det var ei trist oppleving. Då vi kom inn til Falstad, hugser eg, han kom han Jørgen Vogt, – han som var sjefen for kommunistpartiet i Noreg. Han var såkalla «kapo», – dvs sjef for fangane, men under kommando av tyskarane. Det er underleg kva som festar seg i minnet, men eg hugsar at på denne første oppstillinga på Falstad så fekk eg slik trong til å slå lens. Det var surt og kaldt og det sludda. Omsider vart vi då plasserte i ei brakke og innelåst der, og då fekk eg letta meg.

Falstad leir. Bildet trolig tatt like etter 8. mai 194

— eg hadde 41,3 i feber.

Like etter at eg kom til Falstad, vart eg sjuk. Eg kjende meg heilt utslegen. Dei hadde sjukestove, og eg vart lagt inn der. Dei fortalte meg at eg hadde 41,3 i feber. Der hadde dei ein dokter som var fange, men han fekk bu med familien utanfor leiren. Han hadde ein assistent også. Eg vart bra stelt der på sjukestova, men det var litt kivt (= utriveleg) når visitten gjekk og kommandanten var med. Det var slikt oppsyn på han, – han såg ut som ein bulldogg. Han var heilt nifs. Så eg kom no ut derfra då, etter eit par månader.

— melde meg i vakta

Eg kjem i hug første oppstillinga mi på Falstad, eg stod endå til i 5. rekka, ved sida av ein tysk marinegast som og var arrestert. Han sa eit eller anna som var litt pussig, så eg drog på smilen med det samme. Det var rette karen som hadde oppstillinga den dagen, – ein tysker vi kalla «Gulltann». Han hadde tydeleg hatt blikket på meg nett då eg drog på smilen, for eg vart vinka fram og fekk ei frykteleg overhøvling og ordre om å hente ullteppet mitt og melde meg i vakta. Ja, det var ikkje anna å gjere, eg måtte følgje ordre. Kveldsmaten var det ikkje til å tenke på. Eg kom bort i vakthuset, og der var det ein skranke. Eg gjekk bort og melde meg, og med det same får eg meg eit slag over ansiktet så eg dreiv mot veggen. «Gulltann» følgde opp og ga meg ei ordentleg lusing.

— «Aufstehen!!» (= stå opp!)

Så ga han ordre til vaktsoldaten at han skulle følgje meg ned i mørkecella nede i kjellaren. Det var eit hol der det korkje var råd å stå, sitje eller ligge på skikkeleg vis. Det vart ikkje noko somn der, veit du. Det var heilt mørkt, og kaldt var det og. Oppe på døra var det tre små luftehol, og ein av medfangane mine hadde teke kveldsrasjonen min og skore brødet i små strimler som han stakk inn hola i døra. Det hjelpte å få litt å ete. Om morgonen i 6-tida kom tyskaren bort i vakta og ga meg ordre om at eg skulle gå bort i brakka og rope så høgt eg kunne: «Aufstehen!!» (= stå opp!) Det var roping dei ville ha, det lika tyskarane. Så måtte eg berre gjere det då, og med ein gong eg ropte, så krydde fangane fram av køyene. Det var ei framand røyst som dei ikkje kjende, og det gjore dei vel meir usikre. Då eg kom ut på gangen, stod «Gulltann» der og gliste og likte seg.

— mange nasjonar

På Falstad var det mange nasjonar representerte. Der var russarar, polakkar, tsjekkarar, svenskar og jugoslavar, – ja folk frå dei fleste land i aust-Europa var der. Russarane vart stengde inn med piggtråd til og med for vindauga. Dei fekk dårleg forpleining, og meir enn ein gong var eg med og stal potetar og brødskalkar og slikt for å gje dei. Ein gong vart det oppdaga at nokon stal potetar i kjellaren, men dei såg ikkje kven det var. Då vart det oppstilling og spørsmål om kven det var som hadde stole potetar. Ingen svar, for det venta skikkeleg pryl til syndaren. Men så var det ein javanesar – ein som hadde vore boksar, og han melde seg og sa det var han. Han måtte fram, og tok imot prylestraffa uskuldig. Det var realt gjort! Men, du veit, han som var boksar, tålte vel meir enn oss andre. Det er ikkje sikkert vi hadde kome levande gjennom ein slik runde.

— suppa fekk du i blikkboks

Vi måtte arbeide, og arbeidet mitt var å hjelpe til i messa. Rasjonane var små. Det var to brødskiver, og ein liten smørklatt, ikkje nok til ei brødskive til vanleg. Så var det ein blikkboks med brunt vatn nedi. Rasjonane var lagde fram på borda. Det var om å gjere å få tak i ei brødskive med skalk på, for den var litt tjukkare. Middagen var stort sett fisk, – dårleg fisk som lukta vondt, og litt suppe. Suppa fekk du i blikkboks, slik seikakeboks. Vi hadde ein stuert som var fantastisk flink med mat. Om søndagane fekk vi ofte lapskaus, og i den var det flesk som var smugla inn i leiren. Den lapskausen var så god at vi gjekk berre å gledde oss til søndagane og lapskausen. Det er ikkje sikkert lapskausen hadde smakt så godt i dag. Ellers så fekk vi tak i litt mat «på si» av og til. Ein gong eg skulle hente høy hos ein bonde, fekk eg tips om at det var noko i høylasset. Eg køyrde lasset på låven, og vi som lesste av fekk tippa heile lasset ned i høyrommet Etterpå fekk eg grave fram det som var skjult, og det var bondesmør. Det fekk eg smugla med meg inn under kleda, Andre gonger var eg nede i fjøset og kunne få meg litt mjølk eller fløyte. For å komme inn i fjøset reiv eg av meg merka som eg gjekk med. Kvitt merke på bryst og arm som viste at eg sat for rømmingsforsøk.

— og legg ho i omnen

Av og til skulle eg bringe mat opp på cellene til nokon som sat der. Ein gong var det komne nokre fangar frå Lurøy. Dei var så fæle til å mase om tobakk og illegale aviser o.l. Nei så sa eg at det var vanskeleg, men eg skulle prøve å få tak i ei avis. Ja, så fekk eg tak i ei avis og smugla ho inn i ei av cellene. Dei utveksla nytt ved å opne ei av dei små rutene i celledøra, og så strekke seg over til neste celle for å levere avisa. Men det gjekk gale den gongen. Eg kika alltid inn gjennom nøkkelholet, og no såg eg denne avisa ligge på golvet framfor celledøra. Det var ingen andre enn eg som kom opp der, for det var berre vakta som hadde nøkkel. Eg vart både heit og kald. Det var ein høgare offiser som hadde vakta, ein sindig og roleg kar. Vanlegvis var dei to, men han andre var ikkje komen ennå. Han låste opp, og der låg avisa. «Ta ho opp», sa han, «og legg ho i omnen!» Eg var sjølvsagt eldande snar til å gjere det, og hadde det ikkje vore for at det var han, så hadde eg vore ille ute.

— eg var «kapo»

Så var det «kapo» då, i brakka, – det same som sersjant, kan vi seie, og dei skulle telje opp og vite kvar dei forskjellige var, – kven som var på kommando osb. Eg var «kapo» på brakka vår. Vi hadde krakkar på rommet med hol i, og dei skulle stå heilt på line, slik at hola også kom på rett line.Vi hadde ein vaktar som vi kalla for «Kaukasus», og han for berre og gjorde «kommers». På rommet hadde vi også ein polakk. Vi skulle stille opp og melde frå til han, og han forlangte då at vi skulle rope rekkefølgja frå 1 til 12 på norsk. Vi hadde øvd opp polakken til å seie «tolv» som var hans nr. i rekkja. «Kaukasus» sa: «Ha-ha! Polakken tror han kan norsk, men vi skal telle andre vegen!» Vi hadde ikkje lært polakken dette, og han vart ståande og berre stotre. Det heie vart så komisk, at eg greidde ikkje å halde meg, men slo meg på låra og lo. Tyskaren syntest visst han hadde fatt til ei ordentlig komedie, for han lo og gjekk sin veg.

— rommet til politisjefen

Eg vart kapo borti brakka til dei tyske vaktarane. Eg hadde m.a. ord ansvaret for rommet til politisjefen. Eg hadde fem mann under meg, som eg sette i arbeid. Der var det ein kar i frå Trondheim, som sat så hardt i det at han ville prøve å rømme, og han ville ha meg med på dette. Eg svara at eg gjekk og venta på å skulle sleppe fri, så eg ville ikkje ta risken på det. Men dersom han ville, så måtte han berre prøve seg, meinte eg. Ja, men då kunne vel eg melde frå om at det var fire som var med meg på arbeid, så skulle han melde frå om seg sjølv.

— ein for mykje

På neste oppstilling vart det der oppdaga, for dei rekna fem hos meg og fekk ein for mykje, og det var like ille som ein for lite. Det vart oppstuss, og eg skjøna straks at han hadde stukke av. Eg for ned i fjøset og ropa namnet hans og rekna med at han var der. Han skjøna at han var oppdaga og kunne ha ein sjanse. Eg held fram med arbeidet mitt, men etter ei stund så kom dei med han. Dei hadde funne han i fjøset, og han påstod at han hadde vore der for å leite etter klokka si. Den hadde han kasta på vegen, for å ha eit påskot. Det var i grunnen ikkje lov å ha klokke, og dei trudde ikkje heilt på han heller. Dei gjekk laus på han med kjeppar, og banka han til han vart berre eit skjelvande vrak, så han gjorde knapt greie for seg då han kom på brakka.

— prylte dei heilt forderva

Det var ein belgiar også ein gong som prøvde å rømme Til slutt fann de han i ei kasse som dei brukte til å fylle matrestar og søppel i. Han prylte dei heilt forderva. Eg serverte på cellen den gongen også, og der kom han, hauptwachtmeister Foss, han som eg nemnte som var så real. Han var åleine den gongen også, og han låste opp døra slik at eg kunne gje belgiaren mat. Han låg som han sov, og eg pikka borti han så han skvatt til. Men det blikket eg fekk, gløymer eg aldri.

«Det der skulle du ikkje ha gjort»,

sa vaktmeistaren, men eg prøvde no å mate han. Eg såg han ikkje att seinare. Han vart sikkert skoten.

– Nei, det var ikkje sjanse på noko rømming derfra. Ein gong hadde nok eg sjanse til å stikke av. Eg skulle levere ei regnjakke til ein av tyskarane, som var ute i skogen. Men eg turde ikkje ta sjansen.

Ein frå Verdal, søskenbarnet til naboen vår heime i Hommelvika, han rømte. Han fekk lov til å gå ut av leiren på ymse jobbar, og han hadde sikkert fått hjelp av kommandanten. Han hadde avtalt med folk som henta han ute frå sjøen. Så hadde han kledd av seg og lagt kleda på stranda. Kommandanten varsla kona hans om at han hadde drukna, men han kom seg over til Sverige. Kona trudde vel han var drukna, og gråt og sørgde, men han kom att etter krigen, og eg trefte han att. Han er den einaste eg veit om som klarte å rømme.

— eksersis som ei militæravdeling

Vi hadde eksersis som ei militæravdeling, med høgre om og venstre om, marsj med sang osb. Somme gonger var det straffeeksersis, med åling og kryping. Så måtte vi gjennom ein slags kanal som var bygd av tømmer Der inne var det gass. Eg veit ikkje kva slag, men det var i alle fall kvelande.

Ein gong var det ein russar som kom til leiren. Han hadde prøvd å stikke av, men han hadde blitt slegen så forderva at han greide ikkje å gå. Han kraup når han skulle flytte seg, og ingen fekk hjelpe han. Nei, – det var eit hardt liv. Det som heldt oss oppe, var at vi gjekk og venta på å sleppe ut. Vi levde i håpet.

— hadde vorte skotne så mange fangar

Ein gong høyrde vi at det hadde vorte skotne så mange fangar oppe i Falstadskogen. Eg hadde fyrvakt, og la merke til at dei laga så mange bårer på snekkarverkstaden, 7 — 10 var det vel. Ut på dagen kom det ein dunge tyskarar som tok til å drikke og feste. Vi skjøna ikkje kva som skulle skje, om heile leiren skulle utryddast, eller kva det no var.
Ein av hovedkapoane, – ein Mathisen frå Trondheim, gav oss beskjed om å følgje med kvar det vart av bårene. Vi byttest på å halde utkikk, og eg la meg for å sove litt. Klokka 12 om kvelden vekte dei meg, og då såg eg at dei tok bårene og for ut og bort til bilane. Eg høyrde ein bil som starta opp, og eg tok sjansen og gjekk over apellplassen, og opp på mørkloftet i ei anna brakke. Der var det ei luke eg kunne opne og sjå ned på vegen som gjekk oppover til Falstadskogen.

— frakta ut til Skogn og lasta om bord på ein lekter

Eg låg der ei stund, ­eg veit ikkje kor lenge, men eg fekk då sjå ein lastebil som kom. Bakpå låg det nokre klumpar som likna på jordklumpar, men eg såg likevel godt at det var mennske. Eg skjøna kva som gjekk føre seg, og eg rapporterte så til han Mathisen som sikkert var slik Milorg-mann. Etterpå fekk vi greie på kva som gjekk føre seg, og då eg var på Falstad på det der jubileet, så fekk eg vite at det var var fleire billastar av fangar som hadde vorte skotne i Falstadskogen som vart frakta ut til Skogn og lasta om bord på ein lekter som først var lasta med stein. Denne lekteren vart så senka utanfor fergeleiet på Levanger. Der er det fire hundre meter djupt. Slik prøvde dei å skjule misgjerningane sine. Dei vann likevel ikkje å grave opp alle som var gravlagt i Falstadskogen, så ein del fann dei der etter krigen. På jubileet var det ei minnestund der ute på fjorden. Der kunne ikkje eg vere med, ettersom eg om natta, på hotellet, fekk eit kraftig anginaanfall, så eg hamna på sjukehuset.

— frigjering då, – i mai 1945

Så vart det frigjering då, – i mai 1945. Det var verkeleg ei stor oppleving. Då freden kom, vart portane opna, og folk fekk gå fritt som dei ville. Det kom jenter til leiren, og vi dansa i leiren. Russarana hogg tak i piggtråden med berre nevane, og sleit denne frå vindauga. Det var berre jubel alt i hop.

— ville lure seg med i toget

Så skulle vi gå i 17. mai-tog. Men det blei med oss om lag som med krøttera som er vane med elektrisk gjerde. Jamvel om du tek det bort, trur dei at det er der. Slik var det med oss også. Dei tyske vaktane stod der, veit du, og dei hadde ordre om å skyte om vi ikkje oppførte oss skikkeleg. Vi oppførte oss skikkeleg, og til slutt kom vi oss ut og gjekk i tog, – heilt opp til Ronglan og attende att. Det er vel 3 — 4 km Det var ein del nazistar som var innbragt til Falstad som også ville lure seg med i toget. Men dei vart snart utplukka, ser du, og jaga ut av toget og inn att i leiren. Seinare vart det nazistane som vart sette inn på Falstad, og vi slapp ut, naturlegvis.

— pynta jernbanetog som skulle til Trondheim

Den 17. mai vart vi også køyrde med bussar opp gjennom bygda, og då peika dei berre på den og den garden, og det var berre å gå og få mat. Og vi åt, den beste kost som var råd å få, så vi vart heilt dårlege, veit du. Seinare vart det hornmusikk og talar, og pynta jernbanetog som skulle til Trondheim. Det var nok enkelte kuvogner, men dei hadde ikkje betre då. For kvar stasjon var det talar og musikk, og folk kom springande og kasta mat inn vindauga til oss. Så toget vart mykje forsinka til Trondheim den dagen ja.

— gift og flytta til Fræna

I 1948 vart eg gift og flytta til Fræna, og har budd her sidan. Eg vart nå innbeden til jubileumsfeiringa som skulle vere for oss som var fangar på Falstad. Eg tenkte ikkje å reise, ­syntes ikkje forma var god nok, men det var han Furseth, dokteren på sjukehuset, som meinte eg skulle reise. Hadde det ikkje vore for han, så hadde det nok ikkje vorti. Eg angrar ikkje på det etterpå, nei. Men eg fekk eit anginaanfall, og måtte på sjukehuset.

— tilbake til Falstad

Det var nok dei sterke opplevingane eg fekk då eg kom tilbake til Falstad, – og minne fekk strøyme på, – som utløyste det. Men eg fekk no akkurat tid til å helse på dronninga og prinsessa då, før eg vart dårleg. Dei hadde sjølve ønska å få helse på oss fangane. Elles var det ikkje mange eg kjende att av fangane. Jamvel dei som låg i køyene nokre plassar bortom meg, kunne eg ikkje kjenne att.

— Guttorm Hansen

Men eg traff no han Guttorm Hansen, og han kjende att meg, og kom og helsa på meg. Men eg sa til han at eg kjende ikkje att han eg. «Kva for ein kar er du då?» sa eg til han. Då snudde han berre på hovudet og flirte til meg, – det blei slik trøndersk humor det, veit du. Ellers var det ikkje mange eg kjende att, og mange var falne frå og no. Men den første fangen på Falstad, var der — ein kar som heiter Leif Holstad. Han har forresten vore arbeidsgjevaren til svigerdotter mi i mange år etter krigen. Men eg rakk ikkje å helse på han, for eg vart som sagt dårleg.

Besøket var ellers ei stor oppleving for meg.