Gjengitt fra Årboka 2021 med tillatelse fra årbokkomiteen. tilrettelagt for web av HHV
Sagbruksdrift i Malvik 1610-63
Av Folke Forfang

Hen er for tida leiar i Orkdal historielag, og har skrivi mange lokalhistoriske artiklar i Årbok for Orkdal
Artikkelen her byggjer på ein artikkel han skreiv i 2019 i det lokalhistoriske tidsskriftet Heimen om same emnet,
Innleiing
Den første lista med opplysingar om sagbruksdrift i Malvik er i skattelista for 1610 (landskatten) for Strinda fogderi. Det var da tre sager i Malvik,
- Thorp sag med Jon Thorp som sageigar og 120 tylfter sagbord i produksjon.[1]
- Walsø sag med Magnhild Malvik som sageigar og 220 tylfter i produksjon.
- Håset sag med enka Håset som eigar og 90 tylfter i produksjon.
Det kom sannsynlegvis fleire sager dei neste seks åra, men det fins dessverre ingen skattelister for sagene i denne perioden. I 1616 la kongen ned forbod mot sager på kongens eller kirkas grunn.
I skattelista for 1617 var det berre ei sag, og ho hadde fått lov til å drive videre trass i det generelle forbodet. Dette var Wigde sag på Ranheim som var eigd av lagmann Jacob Pedersen i Trondheim og ombodsmann for Bakke kloster Eilert Christoffersen Skjøller, som produserte 400 tylfter.
Men allereide i 1618 oppheva kongen forbodet, og dette resulterte i ein sterk vekst i sagbruksnæringa. Den følgjande analysen av sagbruksnæringa i Malvik dreier seg om perioden etter at kongen oppheva sitt eige forbod i 1618, perioden 1620-1663.
Men først skal vi sjå litt på sagbruksdrifta i heile Norge.
Sagbruksdrift i Norge
I Riksarkivet fins det dokument som beskriv bruk av oppgangssager[2] i Norge tilbake til 1503. Det gjekk ei tid før oppgangssaga vart vanleg, men i Telemark var det mange sager allereide i 1550-åra. Dei viktigaste områda i den første tida var Sørlandet, Telemark og området rundt Oslofjorden. Men det lettast tilgjengelege sagtømmeret var snart hogd, og sagbruksdrifta ekspanderte etter kvart oppover Vestlandet.
Ressursmangel sørpå førte til at oppkjøparane søkte nye, skogrike område. I Trondheim len kom næringa først til Romsdal, frå rundt 1610 til Nordmøre og Trøndelag, og frå 1658 vart næringa stor også i Nord-Trøndelag. I 1597 var det 30 sager i Romsdal, det var 38 i 1603 og 78 i 1610. Vi ser altså at da sagbruksdrifta startar i Fosen så er det alt ei blomstrande næring i Romsdal.
Det som er lite kjent, er korleis omfanget i sagbruksdrifta fordelte seg i Norge etter 1620. Her ser vi fordelinga i perioden 1620-43:

Vi ser at produksjonen i Trondheim len (Romsdal, Nordmøre og Trøndelag) i storparten av perioden var større enn i resten av landet samla. Dette er utan produksjonen frå kongens sager, adelens sager, og sager som hadde skattefritak. Desse sagene, som manglar i skattelistene, ligg i hovudsak rundt Oslofjorden frå Telemark til Østfold, men sjølv om ein tar med desse så var produksjonen størst i Trondheim len.
At ein så stor del av trelastproduksjonen i Norge kom i Midt-Norge, er nok både ukjent og overraskande.
Som eksempel frå litteraturen kan ein nemne at det i Kristiansunds historie er opplyst at rundt 30 % av dei fraktkontraktane som vart inngått i Amsterdam på Norge i perioden 1632-1641 hadde Nordmøre som mål. Så vert det konkludert slik: «Det er jo innlysende at trelastfarten på Nordmør ikke tilnærmelsesvis kunne utgjøre ca. 30 prosent av den samlede fart på Norge i disse årene.»
Undersøkinga mi viser likevel at Nordmøre sin del av Norges produksjon i disse åra var på dette nivået. Fram til 1643 var Nordmøre størst på sagbruksdrift, Trøndelag nest størst og Romsdal minst. Men i perioden 1661-63 var Trøndelag størst, først og fremst på grunn av ein kraftig vekst i Nord-Trøndelag.
Trøndelag
I Trøndelag var det sju fogderi, fire i Sør-Trøndelag (Fosen, Orkdal, Gauldal og Strinda) og tre i Nord-Trøndelag (Stjørdal/Verdal. Inderøy og Namdal).
Malvik var ein del av Strinda fogderi på denne tida. Strinda hadde nest størst produksjon fram til 1630, men vart så først forbigått av Orkdal fogderi og deretter av Gauldal fogderi. Vi ser at det er store konjunktursvingingar, og at sagene i lange periodar går med under halv kapasitet. Lågkonjunkturane på slutten av 1620-tallet og i perioden 1639 – 41 slo sterkt ut, men i 1643 var produksjonen høgare enn nokon gong tidlegare med opp imot 4 000 tylfter. Nederland hadde innført forbod mot seglas til Austersjøen og Norge i 1640–41. Dette forklarer mykje av den låge produksjonen i åra 1639-41.
Ser ein framover i tid til perioden 1661-1663, når produksjonen igjen blir oppgitt i skattelistene, så finn ein at situasjonen er heilt endra. Produksjonen er no vesentleg større i perioden 1661-63. Det gjeld alle fogderia, men først og fremst Nord-Trøndelag. Nord-Trøndelag har gått frå å ha lågast til høgast produksjon i Trøndelag. Strinda låg i 1662 på omtrent 8 000 tylfter, omtrent som Gauldal og Fosen, som er godt over alle fogderia i 1643.
Utviklinga 1657-1663
I 1656 vart alle sager i Orkdal fogderi og i Hølonda tinglag i Gauldal fogderi forbodne på grunn av at skogen vart reservert for det nystarta Løkken Gruber. Dermed vart 25-30 % av produksjonskapasiteten i Trøndelag tatt bort. Dei første åra vart produksjonen frå sagene i desse områda erstatta av sager i Gauldal fogderi. Gauldal leverte produksjonen til den same fjorden som Orkdal, og ubrukt produksjonskapasitet i Gauldal kunne dermed erstatta produksjonen frå Orkdal.
Når det var gode konjunkturar, måtte den tapte produksjonskapasiteten erstattast. Etter 1660 må det ha vore ekstra gode konjunkturar, og da vart det bygd mange nye sager. Først og fremst i Nord-Trøndelag, men også i resten av Trøndelag. Omfanget av nybygde sager i ulike område gir eit bilde av kor stor del av potensialet som allereide var utnytta.
| Fosen | Talet på sager | Produksjon (tylfter) |
| Gamle sager | 26 | 14 364 |
| Sager bygd etter 1657 | 11 | 4 753 |
| Totalt | 37 | 19 117 |
| Resten av Sør-Trøndelag | ||
| Gamle sager | 52 | 24 058 |
| Sager bygd etter 1657 | 14 | 7 970 |
| Totalt | 66 | 32 028 |
| Nord-Trøndelag | ||
| Gamle sager | 12 | 9 825 |
| Sager bygd etter 1657 | 52 | 33 426 |
| Totalt | 64 | 43 251 |
| Tabell 2 Sagbruksdrift 1661-1663 | ||
Vi ser at det vart bygd relativt mange nye sager i Fosen i denne perioden, noen nye sager i resten av Sør-Trøndelag, men at det var i Nord-Trøndelag at den store veksten kom. I Malvik kom det tre nye sager i denne perioden.
Tal på sager og produksjon i Malvik
I Malvik var det 12 ulike sager mellom 1620 og 1663, men ein del av sagene var ute av produksjon i periodar, og det vart bygd nye sager gjennom perioden. Utviklinga i produksjonsklare sager var slik:

Vi ser at det var ein topp på sju sager rundt 1625, som ein igjen nådde frå 1642, mens alle 12 sagene var i bruk frå 1658.
Produksjonen utvikla seg slik:

Vi ser at det var tre produksjonstoppar, 1620 og 1643 med ca. 1 000 tylfter, og 1662 med ca. 3 500 tylfter.
Dei største produsentane i tre periodar
Det var mange store og små produsentar i denne perioden. Vi vil her vise kven som var dei største i tre periodar, 1620-30, 1631-43 og 1661-63:
| 1620-1630 | 1631-1643 | 1661-1663 | Totalsum | |
| Her Peder Albretsen | 2 723 | 2 723 | ||
| Eilert Christoffersen Skjøller/Maren (enke etter Eilert) | 2 170 | 2 170 | ||
| Laurids Bastiansen | 1 850 | 1 850 | ||
| Morten Lauridsen og Christopher Eijlersen | 1 510 | 1 510 | ||
| Oluff Maluig | 1 160 | 1 160 | ||
| Arffue Torbensen | 575 | 575 | ||
| Mads Pedersen | 555 | 555 | ||
| Jacob Pedersen og Eilert Christoffersen | 400 | 400 | ||
| Simen Kindset og Oluff Sande | 394 | 394 | ||
| Christen Bastiansen | 220 | 220 | ||
| Joen Saksvik m.fl. | 200 | 200 |
Tabell 3 Dei største produsentane i tre periodar. (Opplysningar om den enkelte sageigaren finn ein i lista tilslutt i artikkelen).
Bondesager i Malvik
Dei aller fleste sageigarane i Trøndelag på denne tida var anten borgarar eller prestar. Men i Malvik var det relativt mange bondesager. Bondesagene var:
- Torp sag var bondesag i 1610 med 120 tylfter. Etter at forbodet mot sager på kongens grunn vart oppheva i 1618 fikk Eilert Christoffersen Skjøller overta saga.
- Håset sag var bondesag i 1610 med enka Håset som eigar, og 1623-25 med Hans Håset som eigar. I perioden 1626-30 var fogden Balzar Jonsen Korde eigar. Deretter overtok bonden Jon Halset i 1631-35, før saga igjen vart eigd av borgarar, først Mads Pedersen så Laurids Bastiansen. Som bondesag produserte saga 150 tylfter, og som borgarsag 654 tylfter.
- Krogs sag/Halstadbekk sag var bondesag heile perioden 1630-63
Elling Jonsen Hommelvik 1630-36. Produksjon 220 tylfter.
Einer Hommelvik 1637-63. Produksjon 65 tylfter 1641-43 og 170 tylfter 1661-63.
- Halstadbekk sag var bondesag i perioden 1620-50, men var ikkje i produksjon etter 1630.
Simon Kindset og Oluf Sande produserte 394 tylfter mellom 1620 og 1629.
Borgaren Laurids Bastiansen overtok saga i 1656, og produserte 342 tylfter 1661-63.
- Hønstad sag var bondesag 1619-50 med Nils Hønstad, Jon Saksvik og Oluf Lerstad som eigarar. I perioden 1619-27 produserte dei 200 tylfter, men frå 1628 til 1650 var saga aude og ubrukt. I 1659 bygde presten her Peder Albretsen sag her, og produserte 1 155 tylfter i perioden 1661-63.
- Walsø sag var bondesag i 1610 og heile perioden 1621-63. Eigarar var:
Magnhild Malvik 1610. Produksjon 220 tylfter.
Gunder Malvik 1621-32. Produksjon 171 tylfter
Joen Gundersen 1633-39. Produksjon 20 tylfter både i 1635 og 1636.
Anders Gundersen 1639-56, utan kjent produksjon.
Oluf Malvik 1657-63. Produksjon 1 160 tylfter 1661-63.
Dei enkelte sagene
I dette kapittelet skal vi kartfeste den enkelte saga, vise når dei var i drift, kven som var sageigar, og kva dei produserte.
Namna på sageigarane seier lite for dei fleste. Men til slutt i artikkelen er det eit alfabetisk oversyn over eigarane med fleire opplysningar om dei. Ein kan bruke denne lista som oppslagsverk, mens ein les det som står om dei enkelte sagene.

1. Wigde sag under garden Reppe:
- Jacob Pedersen og Eilert Christoffersen Skjøller 1617-20. Produksjon 400 tylfter både i 1617 og 1620.
- Eilert Christoffersen Skjøller 1623-28. Produksjon 1 730 tylfter.
- Maren, enka etter Eilert Christoffersen, 1628-36. Produksjon 430 tylfter.
- Christen Bastiansen Stabel, gift med Maren, 1643-57. Produksjon 290 tylfter i 1643.
- Christen Bastiansens arvinger 1659-60.
- Morten Lauritsen og Christoffer Eilertsen 1661-63. Produksjon 1 510 tylfter.
2. Torp sag:
- Jon Torp 1610. Produksjon 120 tylfter.
- Eilert Caspersen Skjøller 1621-26. Produksjon 440 tylfter.
- Arffue Torbensen 1633-55. Produksjon 640 tylfter.
- Her Peder Albretsen 1659-63. Produksjon 413 tylfter.
3. Walsø sag:
- Magnhild Malvik 1610. Produksjon 220 tylfter.
- Gunder Malvik 1621-32. Produksjon 171 tylfter.
- Joen Gundersen 1633-39. Produksjon 20 tylfter både i 1635 og 1636.
- Anders Gundersen 1639-56.
- Oluf Malvik 1657-63. Produksjon 1 160 tylfter 1661-63.
4. Hønstad sag 1:
- Niels Hønstad, Joen Saxvik og Oluf Lerstad 1619-27. Produksjon 200 tylfter. Stod aude og ubrukt fra 1628, men er likevel ført i listene til 1650.
- Her Peder Albretsen 1659-63. Produksjon 1 155 tylfter 1661-63. Dei to Hønstad-sagene er ført samla.
5. Hønstad sag 2:
- Her Peder Albretsen 1659-63. Produksjon 1 155 tylfter 1661-63.

6. Halstad sag:
Laurids Bastiansen 1657-63. Produksjon 342 tylfter 1661-63.
7. Halstadbekk sag under garden Halsetaune:
- Simon Kindset og Oluf Sande 1620-29. Produksjon 394 tylfter. Saga står ubrukt og aude frå 1630, men er ført i listene til 1635.
- Peder Kindset og Oluf Sande 1636-50. Saga står ubrukt og aude i heile perioden.
- Laurids Bastiansen 1656-63. Produksjon 342 tylfter 1661-63.
8.Haaset sag under garden Halsetaune:
- Enka Haaset 1610. Produksjon 30 tylfter.
- Hans Haaset 1623-25. Produksjon 40 tylfter i 1623 og 1624.
- Balzar Jonsen Korde 1626-30. Produksjon 72 tylfter.
- Jon Halset 1631-35. Produksjon 80 tylfter.
- Mads Pedersen 1642-44. Produksjon 240 tylfter 1642-43.
- Laurids Bastiansen 1644-63. Produksjon 342 tylfter 1661-63.
9. Krogs sag/Halstadbekk sag under garden Hommelvik:
- Elling Jonsen Hommelvik 1630-36. Produksjon 220 tylfter.
- Einer Hommelvik 1637-63. Produksjon 65 tylfter 1641-43 og 170 tylfter 1661-63.
10. Høyby sag:
- Mads Pedersen 1643-44. Produksjon 180 tylfter i 1643.
- Laurids Bastiansen 1644-63. Produksjon 242 tylfter 1661-63.
11. Tindset sag under garden Høybye:
- Laurids Bastiansen 1657-63. Produksjon 242 tylfter.
12. Mostadmarka sag i Folden elv under garden Halsetaune:
- Casper Christoffersen Skjøller 1624-41. Produksjon 100 tylfter 1624-26. Aude og ubrukt etter 1628.
- Mads Pedersen 1642-44. Produksjon 240 tylfter 1642-43.
- Laurids Bastiansen 1644-63. Produksjon 342 tylfter.
Sageigarane i Malvik
Her skal vi vise eit alfabetisk oversyn over sageigarane i Malvik i perioden 1610-1663, og kven dei var.
Anders Gundersen Malvik. Bonde i Malvik der han hadde ei sag.
Arffue Torbensen. Rådmann i Trondeim 1639-1651. Nordlandshandler. Eilert Skjøller var hans hustrus mors bror, og Arve overtok huset til Eilert i Trondheim i 1631. Han hadde Torp sag i Malvik.
Balzar Johnsen Korde. Fogd: Strinda 1614-16 og 1623-24, Nordmøre 1628-31, Jämtland 1613 og 1616-20, Stjørdal og Verdal 1624-26. Toller Nordmøre 1628-29. Gift med Ahled Jacobsdtr, dotter til lagmann Jacob Pedersen. Han hadde Haaset sag i Malvik og fem sager totalt i Trøndelag.
Casper Christoffersen Skjøller. Født i Ribe i Danmark. Stiftskriver i Trondheim 1620-23, fogd i Selbu 1620-23, fogd ved Bakke kloster 1628-52. Var den største private jordeigaren og rikaste mannen i Trøndelag. Han hadde Mostadmarken sag/Hommelvik sag i Folden elv 1624-42 og 36 sager i heile Trøndelag.
Eilert Christoffersen Skjøller. Han var født i Ribe i Danmark. Fogd ved Bakke kloster 1611-28. Han var gift med Maren Christensdtr Jyde, dotter til borgermester Christen Jensen Jyde (død 1613), var fogd i Namdal i 1580, rådmann i Trondheim 1610, og borgermester 1610-13. Bror til Eilert, Casper Christoffersen Skjøller, var gift med søstera til Maren, Ellin. Han hadde Wigde sag på Ranheim og Torp sag i Malvik.
Einer Hommelvik. Bonde i Hommelvik der han hadde ei sag.
Elling Jonsen Hommelvik. Bonde i Hommelvik der han hadde ei sag.
Gunder Malvik. Bonde i Malvik der han hadde Walsø sag.
Hans Haaset. Bonde i Hommelvik der han hadde Haaset sag.
Her Peder Albretsen. Kapellan i Strinda 1652-64, kapellan i Vår Frues kirke1664-72. Han har Torp sag og to Hønstadsager i Malvik, og ei i Namdal.
Jacob Pedersen. Han var født i Vammenby i Danmark. Fogd ved Trondhjem gård 1573-79, forvalter Romsdal len 1579-88, forvalter Giske gods 1588-1602, fogd Sunnmøre 1588-1602, fogd Romsdal 1602-09, lagmann i Trondheim 1609-23. Gift med Margrete Pettersdtr Falch. Han hadde Wigde sag på Ranheim 1617-20, tre andre sager i Strinda og ei i Orkdal.
Jon Haaset. Bonde i Hommelvik der han hadde Haaset sag.
Jon Gundersen. Bonde i Malvik der han hadde Walsø sag.
Jon Saxvik. Bonde i Malvik der han hadde Hønstad sag.
Laurids Bastiansen. Lauridz Bastiansen Stabell, fogd i Inderøy 1631-34, fogd i Stjørdal 1634-41, borgarmeister 1644-69. Gift (1) med Karen Eilertsdtr Skjøller. I 1640 makeskifta han 23 garder i Inderøy/Stjørdal med 24 garder i Strinda/Stjørdal (NRR VII s 640). I 1663 kjøpte han 27 av kronas garder i Strinda og Stjørdal. Han hadde seks sager i Malvik og totalt 14 sager i Trøndelag.
Mads Pedersen. Skrivar på Trondhjem gård 1637-42. Sorenskrivar i Salten 1653, og fogd i Tromsø 1658-61. Gift med Inger Ottesdtr, dotter til Otte Lorch. Hadde tre sager i Malvik og seks sager totalt i Trøndelag.
Oluf Malvik. Bonde i Malvik der han hadde Walsø sag.
Oluf Sande. Bonde i Hommelvik der han hadde Halstadbekk/Sande sag.
Peder Kindset. Bonde i Hommelvik der han hadde Halstadbekk/Sande sag.
Simen Kindset. Bonde i Hommelvika der han hadde Halstadbekk/Sande sag.
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på ei undersøking av opplysningar for perioden 1590-1663 om sagbruksdrift i Norge i skattelistene som ein finn på Digitalarkivet.
Det er to listetypar som er av interesse, grunnleigelistene og skattelistene. Grunnleigelistene er berre brukt for Trøndelag, mens skattelistene er brukt for heile landet.
For Trøndelag er alle sagene identifisert med namn, plassering og sageigar gjennom heile perioden, mens det for resten av landet berre er registrert talet på sager og produksjon for kvart år.
Listene som er brukt finn ein i Digitalarkivet her:
- Lensrekneskapa 1610-60:
- Sagavgift for Trøndelag 1620-60
- Landskatten fram til 1638
- Unionskatten 1638-44
- Kontribusjon 1644-60
- Stiftsamtsrekneskapen 1661-63
- Landkommisjonen 1661 i listene for lagdømma 1661
- Kartutsnitta er henta frå Norgeskart på nettet.
- Personopplysningane om sageigarane er i hovudsak henta frå bøkene til Svein Tore Dahl:
- Svein Tore Dahl 1999: Embetsmenn i Midt-Norge i tida 1536–1660
- Svein Tore Dahl 1999: Embetsmenn i Midt-Norge i tida 1660–1700
- Svein Tore Dahl 1999: Embetsmenn i Nord-Norge i tida 1536–1700
- Svein Tore Dahl 2000: Geistligheten i Nord-Norge og Midt-Norge i tida 1536–1700
- Opplysningane frå Kristiansunds historie er henta frå:
- Johnsen, Arne Odd, Kristiansunds historie 1:1-2, Kristiansunds historienemnd 1942-1951, side 66.
5. Norske Riksregistranter (NRR) digitalt frå Nasjonalbiblioteket.
[1] 1 tylft = 12 sagbord.
Andre einingar brukt i skattelistene:
1 stabel = 100 tylfter = 1200 bord.
Eller som det står i historisk leksikon: Ein stabel = ein stor tusen=1 200
1 000 bord i listene er 10 storhundre bord =1 200 bord.
Ifølge Historisk leksikon var begrepet storhundre brukt innen trelasthandelen enda etter midten av 1800-tallet. Storhundre = 120 stk = 10 tylfter, i motsetnad til smalt hundre = 100 stk.

